10 results found for: “Leicester”.

Request time (Page generated in 0.2511 seconds.)

Leicester

det større urbane området. Storbyområdet kring Leicester hadde 772 400 innbyggjarar i 2004. Leicester er den 10. største byen i Storbritannia med det...

Last Update: 2022-10-19T07:32:07Z Word Count : 360

View Rich Text Page View Plain Text Page

Leicester City

Leicester City er ein fotballklubb frå Leicester i Storbritannia stifta i 1884, som sidan 2014 spelar i den engelske toppdivisjonen Premier League. Laget...

Last Update: 2023-01-21T10:30:25Z Word Count : 172

View Rich Text Page View Plain Text Page

Leicester Square

Circus. Den ligg på staden som før bar namnet Leicester Fields, og var markene framom jarlen av Leicester sin herregard. Området vart bygd ut i 1670-åra...

Last Update: 2016-03-22T00:48:31Z Word Count : 318

View Rich Text Page View Plain Text Page

Emile Heskey

2000 med Leicester City Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003 med Liverpool FC Finalist i den engelske ligacupen: 1999 med Leicester City eu-football...

Last Update: 2024-07-03T09:48:16Z Word Count : 167

View Rich Text Page View Plain Text Page

Leicestershire

Det er kalla opp etter storbyen Leicester, tradisjonelt administrasjonssenteret i grevskapet, sjølv om City of Leicester i dag er ei sameint styresmakt...

Last Update: 2016-03-24T23:35:30Z Word Count : 255

View Rich Text Page View Plain Text Page

Gordon Banks

spelte på Chesterfield FC 1958/59, Leicester City 1959-67 og Stoke City 1967-72. Banks vann ligacupen 1964 med Leicester og 1972 med Stoke. Han la opp i...

Last Update: 2024-07-11T13:48:10Z Word Count : 169

View Rich Text Page View Plain Text Page

Kasper Schmeichel

for det danske landslaget og for Leicester i engelsk Premier League. Han vart seriemeister i England med Leicester i 2016. I 2016 og 2017 vart han kåra...

Last Update: 2022-07-16T21:47:12Z Word Count : 48

View Rich Text Page View Plain Text Page

John Paintsil

fotballspelar som i 2011/12-sesongen spela for det ghanesiske landslaget og for Leicester i den nest høgste divisjonen i England, Football League Championship....

Last Update: 2021-08-20T20:32:13Z Word Count : 35

View Rich Text Page View Plain Text Page

Peter Shilton

teneste hadde han i Leicester City og Nottingham Forest, suksess opplevde han einast med laget frå Nottingham. Shilton var målvakt i Leicester City frå mai 1966...

Last Update: 2024-07-06T08:45:05Z Word Count : 329

View Rich Text Page View Plain Text Page

Yuki Abe

Ichikawa i Chiba-prefekturet) er ein japansk fotballspelar som har spelt for Leicester City i engelsk Football League Championship, og for det japanske landslaget...

Last Update: 2020-05-21T14:54:12Z Word Count : 221

View Rich Text Page View Plain Text Page

Main result

Leicester

Leicester [uttale: LES|tər] er ein by og ei sameint styresmakt i East Midlands i England. Han er òg hovudbyen i Leicestershire. Byen ligg ved elva Soar og ved utkanten av National Forest. Leicester har tett opp under 300 000 innbyggjarar, den største i East Midlands, medan kring 440 000 bur i det større urbane området. Storbyområdet kring Leicester hadde 772 400 innbyggjarar i 2004. Leicester er den 10. største byen i Storbritannia med det 15. største storbyområdet. Ein kan framleis sjå restane etter gamle romerske fortau og bad i i Leicester, som under romarane vart kalla Ratae Corieltauvorum, ein romersk militær utpost busett av den keltiske stamma corieltauvi. Etter at det romerske samfunnet forsvann tidleg i mellomalderen veit ein lite om Ratae Corieltauvorum, men då busetnaden vart erobra av vikingane vart han eina v fem festningsbyar som var viktig for Danelagen. Namnet «Leicester» meiner ein kjem frå orda castraen til «Ligore», som tyder ein leir ved elva Legro, eit tidleg namn på elva Soar. Leicester er nemnd i Domesday Book som «Ledecestre». Leicester voks gjennom den tidlege moderne perioden som ein kjøpstad, sjølv om det var først under den industrielle revolusjonen at byen verkeleg starta å vokse i form av uplanlagt urbanisering. Ein ny jernbane og eit kanalnettverk gjennom området stimulerte industrien i området på 1800-talet, og Leicester vart eit stort økonomisk senter med mange produsentar innan ingeniørvitskap, skoproduksjon og ullvarer. Den økonomiske suksessen til desse industriane og føretaka desse førte med seg gjorde at byen utvida seg utover den omliggande landsbygda. Grensene til Leicester vart utvida gjennom 1800- og 1900-talet, og han vart ein bykommune i 1889 og fekk bystatus i 1919. I dag ligg Leicester langs Midland Main Line og nær motorvegen M1. Byen har ein stor etnisk minoritet, særleg folk av sørasiatisk opphav, som i særleg grad har kome til Storbritannia etter den andre verdskrigen. Leicester er eit senter for høgare utdanning med både Leicester University og De Montfort University i byen.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search