2 results found for: “SNAP!_-_The_Power_(Official_Video)”.

Request time (Page generated in 0.2028 seconds.)

AC/DC

oppdatert med ein AC/DC-nettbutikk og ein «Power Up» e-postregistrering, noko som førte til spekulasjonar om at Power Up ville vera tittelen på det nye albumet...

Last Update: 2023-05-19T12:14:58Z Word Count : 12573

View Rich Text Page View Plain Text Page

Chuck Ainlay

(lydteknikar, miksing)* 1990 - On Down the Line - Patty Loveless (lydteknikar, miksing)* 1991 - Alchemy Live [Video] - Dire Straits (Remixing)* 1991 - High...

Last Update: 2022-10-09T07:37:07Z Word Count : 2359

View Rich Text Page View Plain Text Page

Main result

AC/DC

AC/DC er eit australsk rockband danna i Sydney i 1973 av dei skotskfødde brørne Malcolm (rytmegitar) og Angus Young (sologitar). Musikken deira har vorte skildra som hardrock, bluesrock og heavy metal, men bandet kallar det ganske enkelt «rock and roll». AC/DC gjekk gjennom fleire endringar i besetninga før dei gav ut sitt første album, High Voltage (1975). Besetninga stabiliserte seg deretter rundt brørne Young med Bon Scott (solovokal), Mark Evans (bass) og Phil Rudd (trommer). Evans vart sparka frå bandet i 1977 og erstatta av Cliff Williams, som sidan har medverka på alle albuma sidan Powerage (1978). Sju månader etter utgivinga av gjennombrotsalbumet til bandet Highway to Hell (1979) døydde Scott av alkoholforgifting og dei andre medlemmene vurderte å oppløysa bandet. På oppmoding frå foreldra til Scott heldt dei likevel fram saman og rekrutterte den engelske songaren Brian Johnson som ny frontmann. Deira første album med Johnson, Back in Black (1980), vart tileigna minnet til Scott. Det vart ein utbreidd suksess, lanserte bandet til nye høgder og vart det nest bestseljande albumet gjennom tidene. Det åttande studioalbumet deira, For Those About to Rock (1981), var deira første album som nådde førsteplassen i USA. Før utgivinga av deira neste album, Flick of the Switch (1983), forlét Rudd bandet og vart erstatta av Simon Wright, som sjølv vart erstatta av Chris Slade seks år seinare. Bandet opplevde ei kommersiell gjenoppblomstring tidleg på 1990-talet med utgivinga av det 12. studioalbumet deira The Razors Edge (1990); det var det einaste albumet deira med Slade, som vart erstatta av den tilbakevendte Rudd i 1994. Rudd har sidan spelt inn fem album til med bandet, og starta med Ballbreaker (1995). Det 15. studioalbumet deira Black Ice var det nest mest selde albumet i 2008 og deira største hit sidan For Those About to Rock, og nådde til slutt førsteplass på verdsbasis. Bestninga i bandet var den same i 20 år fram til 2014, då Malcolm Young trekte seg på grunn av tidleg demens (som han døydde av tre år seinare) og Rudd vart involvert i juridiske problem. Malcolm vart erstatta av nevøen Stevie Young, som debuterte på albumet Rock or Bust (2014). På tilhøyrande turné vikarierte den tidlegare trommeslagaren Chris Slade for Rudd. I 2016 vart Johnson tilrådd å slutta å turnera på grunn av forverra høyrselstap, og Guns N' Roses-songaren Axl Rose steppa inn som frontmannen i bandet for resten av konsertane det året. Den mangeårige bassisten og korvokalist Williams trekte seg på slutten av Rock or Bust-turneen i 2016, og gruppa gjekk inn i ein pause på fire år. Ei gjenforeining av Rock or Bust-besetninga vart kunngjord i september 2020 og det 17. studioalbumet deira Power Up vart gitt ut to månader seinare. AC/DC har selt meir enn 200 millionar plater over heile verda, inkludert 75 millionar album i USA, noko som gjer dei til den niande mest selde artisten i USA og den 16. mest selde artisten i verda. Back in Black har selt om lag 50 millionar einingar over heile verda, noko som gjer det til det nest mest selde albumet gjennom tidene og det mest selde albumet av eit band. Albumet har selt 25 millionar einingar i USA, der det er det fjerde mest selde albumet gjennom tidene. AC/DC vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame i 2003 Dei kom på fjerdeplass på VH1 si liste over dei 100 beste hardrockartistane og vart kåra til det sjuande beste heavy metal-bandet gjennom tidene på MTV. I 2004 vart dei rangerte som nr. 72 på Rolling Stone si liste over dei 100 beste artistane gjennom tidene. Den amerikanske plateprodusenten Rick Rubin, som skreiv eit essay om bandet for Rolling Stone, kalla dei «det største rock and roll-bandet i historia». I 2010 rangerte VH1 dei som nr. 23 på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search