Agatunet

60°18′0.3744″N 6°36′10.868″E / 60.300104000°N 6.60301889°E / 60.300104000; 6.60301889

Agatunet

StadUllensvang, Ullensvang kommune
Kart
Agatunet
60°18′00″N 6°36′11″E / 60.300104°N 6.60301889°E / 60.300104; 6.60301889

Agatunet i Hardanger er eit friluftsmuseum med ca. 30 freda hus. Tunet ligg på garden Aga i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Det eldste bygget er lagmannsstova frå om lag 1250, eit unikt tymrahus på høge kjellarmurar. Agatunet er særskilt av di det er eit originalt klyngjetun, ikkje tilflytta hus. Agatunet ligg under det høge Tveitaberget som vernar tunet mot snøskred. I sommarhalvåret er det omvising i tunet, open kafé, kunstutstillingar i tillegg til konsertar. Museet vert drive av Stiftinga Agatunet. Stiftinga samarbeider med Hardanger Folkemuseum. Saman er dei frå 2006 del av Hardanger og Voss museum.

Agatunet vart freda i 1938.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search