Airbus A380 | |
Informasjon | |
---|---|
Type | Passasjerfly |
Produsentnamn | Airbus |
Produsert | 2006 – i dag |
Passasjerar | 555 – 840 |
Mannskap | 2 |
Spesifikasjonar | |
Lengd | 73 m |
Høgd | 24,1 m |
Vengespenn | 79,8 m |
Vengeareal | 845 m² |
Masse utan last | 276 800 kg |
Maksfart | 940 km/t |
Marsjfart | 860 km/t |
Marsjhøgd | 11 000 m |
Rekkjevidd | 14 000 km |
Klatrefart | – m/min |
Airbus A380 | |
Airbus A340 Airbus A350 |
Airbus A380 er det største passasjerflyet i verda. Det har to etasjar, brei buk og fire jetmotorar, og blir laga av den europeiske flyprodusenten Airbus.[1][2]
Flyet vart sett i kommersiell drift i 2007. Flyet vart lansert under ein seremoni i Toulouse tysdag 18. januar 2005 og flaug fyrste gong 27. april 2005 kl. 10.30.
A380, som er utvikla av Airbus Industrie, vart bestilt av fleire flyselskap: Lufthansa, Emirates Airlines, Singapore Airlines, Air France, Qantas, Virgin Atlantic Airways, Korean Air, Qatar Airways og International Lease Finance Corporation. Samtidig med at dei fyrste prototypane av flyet var klare — i juli 2004 — bestilte Etihad Airways fire fly for levering i 2007.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search