Alma mater

Statue av Alma mater ved Columbia University.

Alma mater (latin for 'nærande mor') er eit omgrep opphavleg brukt av romerske diktarar om ulike gudinner, men sidan om lag renessansen også om universitet. I dag blir det gjerne brukt om eit universitet eller annan utdanninginstitusjon nokon har gått på.[1]

Romerske diktarar brukte «alma mater» som tilnamn for fleire gudinner, som Ceres, Tellus og Venus. Etter at Roma fall blei omgrepet også brukt innan kristen liturgi om jomfru Maria, som i «Alma Redemptoris Mater» frå 1000-talet.[2]

Alma Mater-emblemet for Cambridge frå 1600.

Frå om lag 1400-talet byrja ein bruka «alma mater» om universitet på engelsk.[3] I 1600 tok trykkaren John Legate ved Cambridge University Press i bruk eit emblem av ei naken, mjølkegjevande kvinne med ei murkrone på hovudet med innskrifta «Alma Mater Cantabrigia».[4]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet dictionary
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Sollors
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet OED
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Cambridge

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search