Amsterdam

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Amsterdam (fleirtyding).
Amsterdam
hovudstad
Montelbaanstoren (1512) ved Oude Schans.
Flagg
Symbol
Motto: Heldhaftig, Vastberaden, Barmhartig – «Tapper, Målbevisst, Miskunnsam»
Kallenamn: Mokum
Land  Nederland
Provins Noord-Holland
Del av Amstelland
Areal 219 km²
Folketal 921 468 (januar 2023)[1]
Kart
Amsterdam
52°22′22″N 4°53′37″E / 52.372777777778°N 4.8936111111111°E / 52.372777777778; 4.8936111111111
Wikimedia Commons: Amsterdam

Amsterdam er den største byen og offisiell hovudstad i Nederland.[a] Han er kalla opp etter elva Amstel, som renn gjennom byen. Byen er kjend for den historiske hamna, Rijksmuseum, og for red-light district (de Wallen), dei liberale kaffibarane som sel cannabis og dei mange kanalane som gjer at byen vert kalla «Nordens Venezia».[2] Under den nederlandske gullalderen var Amsterdam ein av dei viktigaste hamnebyane i verda, var drivande innan utviklinga av handel og vart eit leiande senter for finans og diamantar.[3][4]

Byen vart grunnlagd seint på 1100-talet som ein liten fiskelandsby og har vokse til å verta den største byen i Nederland med om lag 921 468 innbyggjarar. Storbyområdet har om lag 1,5 millionar innbyggjarar, avhengig av kor ein set grensene, edan Randstad-området (agglomerasjon av fleire store og mellomstore byar), som i alt har 6,5 millionar innbyggjarar.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bevolkingsontwikkeling; regio per maand». Henta 23. mai 2023. 
  2. «Amsterdamhotspots.nl». Henta 19. april 2007. 
  3. [1] Capitals of Capital -A History of International Financial Centres - 1780–2005, Youssef Cassis, ISBN 9780521845359
  4. Historia til diamantmarknaden i Amsterdam, arkivert frå originalen 15. februar 2008, henta 16. februar 2008 


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search