Arkeologi

Arkeologiske utgravingar i Roma.
Foto: Adrian Pingstone

Arkeologi er studiet av menneskeleg aktivitet, det vil seie korleis dei levde, kva dei levde av, og eventuelt kvar dei kom frå eller drog til, hovudsakleg gjennom studiet av dei materielle leivningane som finst etter dei på og i jorda. Systematiske arkeologiske utgravingar er ei viktig metode for å skaffe fram dette materialet. Men moderne teknikk har òg stilt andre metodar til rådvelde for arkeologien, som til dømes fotografering frå fly og bruk av såkalla georadar, eit apparat som kan avteikne konstruksjonar som ligg under jordoverflata.

Arkeologi er den viktigaste måten å finne ut meir om tidleg menneskeleg historie på frå så gamal tid at det ikkje finst skriftlege kjelder å halde seg til, såkalla førhistorisk tid, før ein tok til å skrive. Arkeologiske metodar kan også brukast til å gje kunnskap om livet i historisk tid, og fylle ut hòl og stadfeste eller avkrefte påstandar i skriftlege kjelder frå slike tider, som dei mange arkeologiske utgravingane av leivningar frå mellomalderen gjev gode døme på.

Gravstader og leivningar er viktige arkeologiske kjelder. Dette er «Ginger», det eldste mumifiserte mennesket frå Egypt, i ein rekonstruert gravstad ved British Museum.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search