Belgfrukt eller skolmfrukt kan visa til frukta til ulike erteblomplanter som dannar ein skolm eller belg, eller til frøa av desse plantane som blir brukte til mat. Ein deler gjerne belgfrukter inn i erter, bønner, linser og peanøtter. Dei kan brukast som grønsaker, snacks, molne til mjøl og så bortetter.
Tørre belgfrukter inneheld ein stor del protein (20–30 %) med ein stor del av aminosyra lysin, som gjer at dei utfyller proteinet i korn som inneheld mykje metionin. Dette gjer dei til ein viktig del av kosten til mange menneske, særleg i tropiske strøk og blant vegetarianarar og folk med kjøtfattig kosthald. Belgfrukter er også rike på mineral, som jern, og B-vitamintypen folat, og på løyseleg fiber. Feittinnhaldet varierer frå nesten ikkje noko til 18 % i soyabønner og ca. 40 % i peanøtter.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search