Belgia

Koninkrijk België
Royaume de Belgique
Königreich Belgien

(norsk: Belgia, belgisk)

Det belgiske flagget Det belgiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Brabançonne»
Motto
nederlandsk: «Eendracht maakt macht»
fransk: «L’union fait la force»
tysk: «Einigkeit gibt Stärke»
(‘Sameining gjer sterk’)
Geografisk plassering av Belgia
Offisielle språk Nederlandsk, fransk og tysk
Hovudstad Brussel (fr. Bruxelles)
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Philippe
Sophie Wilmès
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
30 528 km² (138.)
6,2 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
11 491 346 (77.)
376,4 /km² (22.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
frå Nederland
1830
1839
Nasjonaldag 21. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
494 600 mill. USD (38.)
46 200 USD (26.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +32
Toppnivådomene .be


Kongeriket Belgia eller berre Belgia (nederlandsk: Koninkrijk België eller België, fransk: Royaume de Belgique eller Belgique, tysk: Königreich Belgien eller Belgien) er eit lite land vest i Europa. Landet grensar til Nederland, Tyskland, Luxembourg og Frankrike. I tillegg er det ei lita kystline mot Nordsjøen.

I romersk tid låg det som no er Belgia grovt rekna i den romerske provinsen Gallia Belgica. Denne plasseringa i utkanten av Romerriket, på grensa mellom det latinske og det germanske kulturområdet er framleis tydeleg i Belgia. Landet er framleis kulturelt og språkleg delt i eit latinsk fransktalande og eit germansk nederlandstalande område. Om lag 6 millionar talar flamsk (som berre i liten grad skil seg frå nederlandsk) og om lag 4 millionar talar fransk. Dei fleste flamsktalarane bur i Flandern, i nord, og dei fleste fransktalarane bur i Vallonia, i sør. Brussel er offisielt tospråkleg, men dei fleste talar fransk. Vallonsk skil seg noko frå «Brusselfransk». Det bur òg ein tysktalande minoritet i aust.

I antikken var innbyggjarane i det som no er Belgia organiserte i gallo-romanske og germanske stammar, som Julius Cæsar kalla «Belgae». Frå slutten av mellomalderen og fram til 1600-talet var området eit viktig industrielt og kulturelt senter i Europa. I tidsrommet frå 1500-talet fram til Belgia vart erklært som uavhengig stat i 1830 var området ofte krigsskodeplass for dei europeiske stormaktene. I det 20. hundreåret var Belgia ein med som ein av grunnleggarane i EU og NATO.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search