Bok

For treslaget, sjå bøk.

Bok (frå norrønt bók[1]) er ei samanbinding av fleire blad av papir, pergament eller anna eigna materiale. Materialet er samanføyd langs ei side, ryggen, og som regel bunde inn i eit meir robust materiale. Den som skriv ut ei bok blir kalla ein forfattar, den som gjev henne ut, ein utgjevar.

I overført tyding kan òg bok vera eit litterært verk, eller delar av eit verk (til dømes Ringdrotten, fyrste bok, eller Fyrste Mosebok).

  1. «bok» i Nynorskordboka.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search