Bork

Denne artikkelen handlar om borken i vedplantar. For bork i organ, sjå bork i anatomi.
Bork på paternostertre.

Bork (frå norrønt bǫrkr[1]) er det ytste laget av ei grein eller ein stamme på eit tre eller ein busk.

Plantebork består av fleire lag. Ytst er det i dei fleste tilfelle ein død skorpebork, der det som regel er sprekkar på langs. Under det er borken sitt vekstlag, og under igjen er det som regel eit bastlag. Inst er det eit vekstlag (innerborken), som dannar årsvoksteren av sjølve veden.

Tverrsnitt av tre og framstilling av borklaga.
Sprokken eikebork med lav på.
  1. «bork» i Nynorskordboka.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search