Brian Eno

Brian Eno

Fødd15. mai 1948
Woodbridge, Suffolk, England (76 år)
FødestadMelton, Woodbridge i Suffolk
FødenamnBrian Peter George St. John le Baptiste de la Salle Eno
AliasEno
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerEksperimentell rock, ambient, minimalisme, elektronisk, kunstrock, glamrock
InstrumentSynthesizer, piano, tangentinstrument, vokal, organ, saksofon, gitar, bass
Tilknytte artistarRoxy Music, David Bowie, Coldplay, Talking Heads, Robert Fripp, Cluster, Devo, U2, David Byrne, Robert Wyatt, 801
PlateselskapIsland, Polydor, EG, Obscure, Opal, Virgin, Astralwerks, All Saints Records, Rykodisc
Verka somProdusent, musikar, låtskrivar, artist
PrisarRoyal Designer for Industry, Rock and Roll Hall of Fame, Frankfurter Musikpreis

Brian Peter George St. John le Baptiste de la Salle Eno[1] (fødd 15. mai 1948), ofte berre forkorta til Brian Eno og tidlegare berre kjend som Eno, er ein engelsk musikar, låtskrivar, plateprodusent, musikkteoretikar, songar og visuell artist, mest kjend som ein av artistane som skapte ambient musikk.[2]

Eno studerte ved kunstskule, og henta inspirasjon frå minimalistiske måleri, men hadde lite musikalsk utdanning eller erfaring med å spele musikk før han vart med i Roxy Music på tangentinstrument og synthesizerar tidleg i 1970-åra. Suksessen til Roxy Music i glamrockmiljøet kom raskt, men Eno vart raskt trøytt av konfliktane med songaren Bryan Ferry, og av turnelivet, så han forlet bandet etter dei gav ut For Your Pleasure (1973). Han starta så ein solokarriere med kunstrockplatene Here Come the Warm Jets (1974) og Taking Tiger Mountain (By Strategy) (1974).

Eno gjekk så inn i meir eksperimentell musikk med No Pussyfooting (1973) og Evening Star (1975), begge samarbeid med Robert Fripp, The Lamb Lies Down on Broadway (1974) av Genesis der han er tilskriven med «Enossification», og dei viktige soloalbuma Another Green World (1975) og Discreet Music (1975). Pionerarbeidet hans innan ambient med «lydlandskap» starta å ta opp meir av tida hans, frå og med Ambient 1/Music for Airports (1978) og seinare Apollo: Atmospheres and Soundtracks (1983) som vart komponert for dokumentarfilmen For All Mankind. Eno heldt likevel fram med å synge på nokre av platene sine, som på Before and After Science (1977) til Wrong Way Up (1990) med John Cale til det nyaste Another Day on Earth (2005).

Soloarbeidet til Eno har hatt stor innverknad, og han har vore ein pioner innan ambient og generativ musikk, innovative produksjonsteknikkar og ved å legge vekt på «teori over praksis».[3] Han medverka òg til å gjere konseptet tilfeldig musikk populært, delvis gjennom samarbeid med andre artistar.[4] Mot slutten av 1970-åra hadde Eno arbeidd med David Bowie på «Berlintriologien», hjelpt til imed å gjere det amerikanske punkrockbandet Devo og den punkaktige «No Wave»-sjangeren populære, og ofte arbeidd med Harold Budd, John Cale, Cluster, Robert Fripp og David Byrne, som han produserte det påverkande My Life in the Bush of Ghosts (1981) med. Han produserte og spelte på tre album av Talking Heads, mellom anna Remain in Light (1980); produserte sju album for U2, inkludert The Joshua Tree (1987); og arbeidd på plater med James, Laurie Anderson, Coldplay, Depeche Mode, Paul Simon, Grace Jones og Slowdive, blant andre.

Eno driv med multimediaføretak parallelt til musikkarrieren, med kunstinstallasjonar, faste spalter i avisa The Observer og Prospect og «Oblique Strategies» (skriven med Peter Schmidt), som er kortstokk med kryptiske kommentarar eller tilfeldig innsikt som er meint å løyse forskjellige dilmema. Han samarbeider framleis med andre musikarar, produserer plater og gjev ut sin eigen musikk.

  1. Estrella, Espie Ambient Music, about.com Arkivert 2009-09-11 ved Wayback Machine.
  2. AllMusic, Explore Music, "Ambient"
  3. Jason Ankeny, ((( Brian Eno > Biography ))), allmusic
  4. Prendergast, Mark The Ambient Century, Bloomsbury UK, 2000. ISBN 0747542139

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search