Chelmsford

Denne artikkelen omhandlar om byen Chelmsford i England. For andre tydingar, sjå Chelmsford (fleirtyding).

Chelmsford

Chelmsford's Shire Hall
Chelmsford's Shire Hall
Chelmsford's Shire Hall
Plassering
Chelmsford is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Essex
Distrikt Chelmsford
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

103 783
Koordinatar 51°44′N 0°28′E / 51.733°N 0.467°E / 51.733; 0.467
Diverse annan informasjon
Postnummer CM1,CM2,CM3
Telefon-retningsnummer 01245
Commons har multimedium som gjeld: Chelmsford

Chelmsford er administrasjonsbyen i grevskapet Essex i England. Byen ligg omkring 48 km nordaust for London, midtvegs mellom hovudstaden og Colchester. Chelmsford ligg nesten nøyaktig i midten av Essex, og det er antakeleg dette som er årsaka til at han er administrasjonsby sjølv om byen korkje er den største eller den eldste byen i grevskapet. Han er også administrasjonssenter for distriktet Chelmsford, som dekker eit større område.

Byen er sete for Chelmsford bispedømme, som har Englands nest minste katedral (ei kyrkje som blei oppgradert til katedral), og heimby for Anglia polytekniske universitet.

Distriktet har ca. 156 000 innbyggjarar (2001). Av dette bur omkring ein tredel i byen Chelmsford.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search