Chile

República de Chile

(norsk: Chile, chilensk)

Det chilenske flagget Det chilenske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Himno Nacional de Chile»
Motto spansk: Por la razón o la fuerza (Med grunn eller med makt)
Geografisk plassering av Chile
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Santiago1
Styresett
Republikk
Michelle Bachelet
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
756 102 km² (37.)
1,07 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
17 789 267 (63.)
23,5 /km² (156.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
frå Spania
12. februar 1818
25. april 1844
Nasjonaldag 18. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
424 300 mill. USD (44.)
25 200 USD (55.)
Valuta Chilensk peso
Tidssone UTC -4
Telefonkode +56
Toppnivådomene .cl

1Den dømande makta held til i Valparaíso
2 Inkluderer Påskeøya og Isla Sala y Gómez. Inkluderer ikkje 1 250 000 km² Chile har gjort krav på i Antarktis

Chile, offisielt Republikken Chile, er eit land på vestkysten av Sør-Amerika som grensar til Peru, Bolivia og Argentina. Chile dekkjer ei lang, smal kyststripe mellom Andesfjella i aust og Stillehavet i vest. Det grensar til Peru i nord, Bolivia i nordaust, Argentina i aust, og Drakesundet i sør. Saman med Ecuador er det eitt av to land i Sør-Amerika som ikkje grensar til Brasil. Stillehavskysten til Chile er 6 435 km lang. Chilensk territorium omfattar òg Påskeøya og stillehavsøyene Juan Fernández, Isla Sala y Gómez og Desventuradas. Chile hevdar òg 1 250 000 kvadratkilometer av Antarktis, sjølv om alle krav er suspenderte under Antarktistraktaten.

Forma på Chile er eit særprega band av land 4 300 kilometer langt og i gjennomsnitt 175 kilometer vidt. Klimaet varierer; alt frå den tørraste ørkenen i verda – Atacama – i nord, via middelhavsklima i midtre deler, til eit regnfullt temperert klima i sør. Den nordlege ørkenen har ein stor mineralrikdom, hovudsakleg av kopar. Det relativt vesle sentrale området dominerer i tilhøve til folkesetnad og jordbruksressursar, og er kulturelt og politisk sentrum i landet. Sør-Chile er rikt på skog og beiteområde, og det har ei rekkje vulkanar og innsjøar. Den sørlege kysten er ein labyrint av fjordar, viker, kanalar, halvøyar og øyar.

Før spanjolane kom til området på 1500-talet låg norddelen av dagens Chile under Inkariket, medan mapuchefolk heldt til i sentrale og sørlege Chile. Landa erklærte sjølvstende frå Spania 12. februar 1818. I «salpeterkrigen» (1879–1883), slo Chile Peru og Bolivia, og vann det noverande nordlege territoriet sitt. Sjølv om landet har halde seg relativt fritt for statskupp og vilkårlege regjeringar samanlikna med andre land i Sør-Amerika, hadde Chile eit 17 år langt militærdiktatur (1973–1990) under Augusto Pinochet som etterlét meir enn 3000 menneske døde eller sakna.

I dag er Chile ein av dei mest stabile og velståande nasjonane i Sør-Amerika, og ei anerkjend middels makt. Det er leiande blant latinamerikanske land i menneskeleg utvikling, konkurranseevne, inntekt per innbyggjar, globalisering, økonomisk fridom og lågt korrupsjonsnivå. Det rangerer òg høgt regionalt i pressefridom og demokratisk utvikling. Men det har stor økonomisk ulikskap etter Gini-indeksen. I mai 2010 blei Chile det første søramerikanske landet til å bli med i OECD. Chile er ein av grunnleggjarane av både SN og Unionen av søramerikanske nasjonar.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search