Dansk litteratur

Frå ei framføring av Toves værelse, eit skodespel av Jakob Weis om forfattaren Tove Ditlevsen.

Dansk litteratur omfattar litteratur skriven av danskar, i Danmark eller på dansk. Dei fyrste spora stammar frå runeinnskrifter frå jernalderen og vikingtida, men begynner for alvor i mellomalderen og nyare tid. Dansk litteratur omfattar forfattarar som Saxo Grammaticus, Søren Kierkegaard, H.C. Andersen, Henrik Pontoppidan og Karen Blixen. Sidan Danmark i ein del av historia si òg hadde overherredøme over Noreg, har dei to nasjonane mykje felles kultur og litteratur og deler derfor ein del forfattarar. Den best kjende av desse er Ludvig Holberg.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search