Dato

Undeskrifta til Georg II av England på ein kontrakt frå 1750 som oppgjev både juliansk og gregoriansk dato.
Digital framsyning av datoen etter ISO 8601.
Billett markert med dato.

Dato er ei tidfesting av eit visst døgn i ein kalender. Han kan oppgjevast med tal eller ei blanding av tal og bokstavar.

Det vanlegaste datosystemet i verda i dag er den gregorianske kalenderen. Den internasjonale standarden ISO 8601 fastset ein felles skrivemåte for tid og dato etter denne kalenderen. Her skal ein skriva den største eininga først (år) og deretter fallande verdiar. Ein tilrår at tala blir skrivne med bindestrek imellom, ikkje punktum.[1] Ein dato etter denne standarden blir skriven 2024-08-25. Ein vanlegare norsk skrivemåte er 25. august 2024.

  1. «Datum: en viss dag» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. august 2015.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search