David Bowie (fødd 8. januar 1947 som David Robert Jones, daud 10. januar 2016) var ein engelsk songar og soloartist. Han var ei superstjerne innan populærmusikken i seks forskjellige tiår.
Han var kjend som kameleonen i populærmusikken; han har føresett trendar og justerer stil og personlegdom deretter, samtidig som han heldt fast på sine eigne idear. Hans første skritt mot popularitet var med den folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han var betre kjend som den androgyne glamrockaren på Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gjeve ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangrane vart populære eller i det heile oppstod.
Bowie arbeidde òg som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar. Han gav ut det siste studioalbumet sitt, Blackstar, på 69-årsdagen sin 8. januar 2016, berre to dagar før han døydde av kreft.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search