Dei sameinte arabiske emirata

لإمارات العربيّة المتّحدة
Al-Imārāt al-‘Arabīyah al-Muttahidah

(norsk: Dei sameinte arabiske emirata, emiratarabisk)

Det emiratarabiske flagget Det emiratarabiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Isji biladi»
Geografisk plassering av Dei sameinte arabiske emirata
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Abu Dhabi
Styresett
Føderal republikk
Khalifa bin Zayed Al-Nahyan
Mohammed bin Rashid Al Maktoum
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
83 600 km² (114.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2010)
 – Tettleik
 
6 072 475 (111.)
6 888 888
72,6 /km² (114.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. desember 1971
Nasjonaldag 2. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
641 900 mill. USD (32.)
78 700 USD (9.)
Valuta Emiratarabisk dirham (AED)
Tidssone UTC +4
Telefonkode +971
Toppnivådomene .ae


Dei sameinte arabiske emirata (arabisk دولة الإمارات العربية المتحدة Dawlat al-Imārāt al-‘Arabīyah al-Muttaḥidah), stundom berre kalla Emirata eller UAE, er eit land søraust på Den arabiske halvøya ved Persiabukta. Det grensar til Oman i aust og Saudi-Arabia i sør, i tillegg til ei maritim grense med Qatar og Iran. I 2013 hadde Emirata 9,2 millionar innbyggjarar, der 1,4 millionar var emiratarabiske borgarar og 7,8 millionar utlendingar.[1]

Landet vart grunnlagt i desember 1971 og er eit samband av sju emirat, Abu Dhabi (som tener som hovudstaden), Ajman, Dubai, Fujairah, Ras al-Khaimah, Sharjah og Umm al-Quwain. Kvart emirat vert styrt av ein absolutt monark. I lag dannar dei det føderale høgsterådet. Ein av monarkane vert vald som president i Dei sameinte arabiske emirata. Islam er offisiell religion i UAE, og arabisk er offisielt språk, sjølv om engelsk vert mykje nytta.

Oljereservane i landet er dei sjuande største i verda,[2] medan naturgassreservane er dei 17. største.[3] Den avlidne Sjeik Zayed, som styrte i Abu Dhabi og var den fyrste presidenten i UAE, hadde styringa med utviklinga av Emirata og styrte oljeinntektene inn i helsevesen, utdanning og infrastruktur.[4] Økonomien i UAE er den mest diversifiserte i Golfrådet, og den mest folkerike byen Dubai har oppstått som ein global by og eit knutepunkt for internasjonal flytrafikk.[5][6] Likevel er landet særs avhengig av eksport av petroleum og naturgass.[7][8][9]

UAE har vorte kritisert for korleis dei handsamar menneskerettane, mellom anna ved bruk av sjarialover i rettssystemet.[10][11][12] Den aukande internasjonale profilen til UAE har gjort at analytikarar har gjeve landet status som ei regionsmakt og ei mellommakt.[13][14]

  1. «Labor Migration in Dei sameinte arabiske emirata: Challenges and Responses». migrationpolicy.org. 
  2. «Oil – proved reserves». Cia.gov. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. 
  3. Natural Gas. BP Statistical Review of World Energy June 2012
  4. «Dei sameinte arabiske emirata profil». BBC News. 14. november 2012. 
  5. Iyer, Srinivasan (30. desember 2014). «Dubai International is world’s busiest airport». The National. Henta 5. juni 2016. 
  6. «IMF Data Mapper». Imf.org. 
  7. «United Arab Emirates». CIA World Factbook. 
  8. «WTO Trade Statistic 2009». Stat.wto.org. 
  9. «Economic diversification in the GCC countries» (PDF). s. 13. Arkivert frå originalen (PDF) 5. desember 2014. Henta 5. juni 2016. 
  10. «Sharia law and Westerners in Dubai: should non-Muslims in UAE be made to face islamic justice?». 
  11. «Dei sameinte arabiske emirata: Torture and Flogging». Fanack. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 5. juni 2016. 
  12. «Country Reports on Human Rights Practices for 2008». Jeffrey T. Bergner. s. 2203. 
  13. Laipson, Ellen (3. september 2014). «The UAE and Egypt's New Frontier in Libya». The National Interest. Henta 5. juni 2016. 
  14. Evans, Gareth (29. juni 2011). «Middle Power Diplomacy». Henta 5. juni 2016. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search