Den engelske kanalen

Satellittbilete av Den engelske kanalen

Den engelske kanalen (engelsk the English Channel, fransk la Manche) er sundet som skil England frå Frankrike. Det er ein del av Atlanterhavet, og knyter dette til Nordsjøen. Sundet er smalast i aust, det vil seie mellom Dover og Calais, der det er 34 km breitt. På det breiaste er sundet 240 km.

Øyane Jersey og Guernsey og ein del småøyar ligg i Den engelske kanalen, nærmast den franske sida, og vert med eit felles namn kalla Kanaløyane. Île d'Ouessant markerer den vestlege enden åt kanalen, og pas de Calais (engelsk Strait of Dover) den austlege.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search