Den norske grunnlova

Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.

§ 1 i Grunnlova etter språkrevisjonen 6. mai 2014.
Den norske grunnlova i plakatform, frå 1827.
Den nynorske grunnlova i plakatform, frå 2014.

Den norske grunnlova er ei grunnlov som stammar frå 1814. Ho er den høgste rettskjelda i Noreg, og legg grunnlaget for statsforma i landet.[1] Grunnlova, naturretten, konstitusjonell sedvanerett, menneskerettane og internasjonal rett utgjer dei viktigaste fundamenta for norsk statsform, rettsforståing og lovverk.

Grunnlova byggjer på folkesuvereniteten som reknar med ein viss samfunnskontrakt mellom folket og dei som styrer, og på maktfordelingsprinsippet mellom dei ulike maktorgana i landet.[2] Ho slår fast at folket legitimerer makta gjennom å utnemna den lovgjevande makta (Stortinget). Lova tek også for seg tilhøvet mellom denne lovgjevande makta, den utøvande makta (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane).[1]

Den norske grunnlova blei vedteken 16. mai 1814, og er blant dei eldste grunnlovane i verda som framleis er i bruk.[3] Ved stortingsvedtak 6. mai 2014 vart språket i grunnlova omsett frå 1800-tals dansk, slik at det no er to offisielle utgåver av lovteksten - éin på «tidsmessig bokmål» og éin på moderne nynorsk.[4]

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Om
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Grunnloven
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Grunnlov
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Fornyelse

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search