Den norske kyrkja

Den norske kyrkja


Olavsmerket er det offisielle våpenet til Den norske kyrkja.
Org.formDen norske kyrkja
Org.nr.818066872
Skipa1537
LandNoreg[1]
Grunnleggjar(ar)Kristian III av Danmark-Noreg
Nettstadhttps://www.kyrkja.no/

Den norske kyrkja er den offentlege kyrkja i Noreg. I 1537 innførte Danmark-Noreg lutherdomen og braut banda med Den katolske kyrkja. Den norske kyrkja fekk då den dansk-norske kongen som overhovud. Den dag i dag er det framleis kongen som er den øvste leiaren. Kyrkjesaker ligg til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Fram til 1969 var det offisielle namnet Statskyrkja. Etter endring av § 2 i Grunnlova 21. mai 2012 har ikkje Noreg ein offentleg religion. I § 16 blir Den norske kyrkja omtala som «folkekyrkja» og paragrafen slår samstundes fast at alle trussamfunn skal «bli stødde på lik line».[2] Etter grunnlovsendringa i 2012 skal det innførast ei ny kyrkjeordning, med ei meir sjølvstendig kyrkje, som ikkje er eit statleg forvaltingsorgan.[3]

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 55400, Wikidata Q7061260 
  2. Grunnlova, Lovdata, lese 2. august 2015.
  3. Ny kyrkjeordning (PDF)

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search