Den store nordiske krigen

Den store nordiske krigen
Del av russisk-svenske krigar, polsk-svenske krigar og dansk-svenske krigar

Folka til Peter den store dreg utstyr mot Nöteborg (Sjlisselburg). Måleri av Vasilij Surikov frå 1872.
Dato Februar 1700–1721
Stad Europa
Krigsårsak Tsardømet Russland og Sverige kjempa om hegemoniet i Aust-Europa.
Resultat Koalisjonssiger

Tsardømet Russland markerte seg som ei ny stormakt i Europa. Polen-Litauen vart mindre viktig.

Endringar i landområde Russland tok dei tre svenske områda Estland, Livland, Ingermanland og delar av Kexholm og Viborg. Preussen fekk delar av Svensk Pommern. Hannover fekk Bremen-Verden. Det danske kongehuset fekk kontroll over Schleswig-Holstein som eit hertugdøme under kongen.
Partar
Flagget til Sverige Det svenske imperiet
Holstein-Gottorp
Polen-Litauen (1704–09)
 Det osmanske riket (1710–14)
Det kosakkiske hetmanatet (1708–1709)
 Storbritannia (1700, 1719–)
Flagget til Russland Tsardømet Russland
Flagget til Danmark Danmark–Noreg
(1700, 1709–)
 Kurfyrstedømet Sachsen
(1700–06, 1709–)
Polen-Litauen
(1700–04, 1709–)
Det kosakkiske hetmanatet (1700–1708)
 Preussen (1715–)
Flagget til Hannover Hannover (1715–)
 Storbritannia (1717–1719)
Kommandantar
Flagget til Sverige Karl XII  
Flagget til Sverige Rehnskiöld
Flagget til Sverige Stenbock
Flagget til Sverige Lewenhaupt
Fredrik IV  
Stanisław Leszczyński
Flagget til Det osmanske riket Ahmed III
Ivan Masepa
Flagget til Russland Peter den store
Flagget til Russland Aleksandr Mensjikov
Flagget til Russland Sjeremetev
Flagget til Danmark Fredrik IV
Flagget til Sachsen
August den sterke
(personalunion)
Flagget til Preussen Fredrik Wilhelm I
Flagget til Hannover
Det britiske flagget
Georg I
(personalunion)
Styrkar
77 000–393 400
77 000–135 000 svenske soldatar over heile landet, inkludert garnisonar og milits
(respektive 1700 og 1707)
100 000–200 000 osmanarar (deltok berre i eitt slag og var passive resten av krigen)
8 000–40 000 kosakkar
16 000 polakkar (1708)
Minst 360 000
170 000 russarar (mot svenskane, garnisonar er ikkje medrekna)
+40 000 danskar/nordmenn
+100 000 polakkar og saksarar (på det meste)
rundt 50 000 (42 regiment) prøyssarar
ukjende mengder frå Hannover[1]
Tap
Om lag 25 000 svenskar mista livet i kamp, estimert 175 000 mista livet i svolt, sjukdom og utmatting.[2] Ukjend.
Minst 75 000 russarar, 14 000–20 000 polakkar og saksarar, 8 000 danskar drepne i dei store slaga, 60 000 danskar totalt mellom 1709–1719.[3]
Den store nordiske krigen
Dansk-svenske krigar
Polsk-svenske krigar
Russisk-svenske krigar
Russisk-tyrkiske krigar

Den store nordiske krigen (17001721) var ein storkrig der ein koalisjon av mange statar klarte å stå imot den svenske overmakta nord i Sentral- og Aust-Europa. I starten bestod alliansen mot Sverige av Peter den store frå Russland, Fredrik IV frå Danmark-Noreg og August den sterke frå Sachsen-Polen-Litauen. Fredrik IV og August den sterke vart tvungne ut av alliansen i respektive 1700 og 1706, men kom inn att i 1709. Georg I av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) slo seg saman med koalisjonen i 1714 for Hannover og 1717 for Storbritannia og Fredrik Wilhelm I frå Brandenburg-Preussen i 1715. På den svenske sida var Holstein-Gottorp, mellom 1704 og 1710 fleire polske og litauiske magnatar under Stanisław Leszczyński og mellom 1708 og 1710 kosakkar under Ivan Masepa. Det osmanske riket støtta ei kort stund Karl XII av Sverige og gjekk til kamp mot Peter den store.

Krigen starta med eit tredobbelt åtak der Danmark-Noreg gjekk inn i Holstein-Gottorp, Sachsen-Polen-Litauen tok Svensk Livland og Russland tok svenske Ingermanland. Sverige kom seg unna det dansk-norske og russiske åtaket ved Travendal og Narva og med ein motoffensiv pressa dei styrkane til August den sterke gjennom Litauen og Polen til Sachsen, og kasta August av trona på vegen og tvinga han til å godta nederlaget i Altranstädt. Peter den store hadde samstundes kome seg på fote att og vann terreng i dei svenske provinsane i Baltikum, der han styrkte tilkomsten Russland fekk til Austersjøen med å grunnleggje St. Petersburg. Karl XII flytta frå Sachsen og gjekk inn i Russland for å møte Peter, men felttoget enda med at den svenske hovudarmeen vart utsletta i Poltava og Karl XII hamna i eksil i osmanske Bender. Russarane følgde etter han, men vart stogga ved Pruth av den osmanske armeen.

Etter Poltava, vart den opphavlege koalisjonen mot Sverige gjenoppretta og med seg fekk dei Hannover og Preussen. Dei gjenverande svenske styrkane sør og aust for Austersjøen vart driven ut frå dei svenske maktområda, som dei alliere delte seg i mellom. Sjølve Sverige vart invadert av Danmark-Noreg frå vest og Russland frå aust. Sjølv om dei danske åtaka vart slått attende, klarte Russland å okkupere Finland og påførte den svenske marinen og kystforta deira store tap. Karl XII starta ein front mot Noreg, men vart drepen i Fredriksten i 1718.

Krigen enda med nederlag for Sverige, og Russland vart den nye stormakta i Austersjøen og ei viktig brikke i europeisk politikk. Den formelle avsluttinga på krigen vart markert med den svensk-hannoveranske og svensk-prøyssiske Stockholm-traktaten (1719), den dansk-svenske Fredriksborg-traktaten (1720) og den russisk-svenske Nystad-traktaten (1721). Her avstod Sverige fritakinga frå Öresundtollen, alle maktområda deira bortsett frå nordlege delar av Svensk Pommern og braut banda med Holstein-Gottorp. Hannover fekk Bremen-Verden, Brandenburg-Preussen fekk Oder-estuaret, Russland sikra seg provinsane i Baltikum og Danmark fekk Schleswig-Holstein. I Sverige hadde eineveldet kome til ein slutt då Karl XII døydde og fridomstida starta.

  1. «Den preussiska arméns fälttåg 1702-1715». Tacitus.nu. Arkivert frå originalen 30. august 2010. Henta 13. november 2010. 
  2. Ericson, Lars, Svenska knektar (2004) Lund: Historiska media
  3. Lindegren, Jan, Det danska och svenska resurssystemet i komparation (1995) Umeå : Björkås : Mitthögsk

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search