Devanagari

Aum er eit kjent symbol skrive med devanagari.

Devanagari (sanskrit देवनागरी devanāgarī, sett saman av deva, 'gud' og nāgarī, 'kultivert') eller nagari er eit skriftsystem som blir brukt til å skrive fleire språk på det indiske subkontinentet. Devanagari er ein abugida, det vil seie eit skriftsystem der kvar konsonant har ein ibuande vokal (konsonanten for k gjev ka), og konsonantane blir modifisert for å få andre sekvensar (ke, ko...).

Ein kan bruka skrifta til å skriva ned fleire nordindiske språk, til dømes sanskrit, hindi, marathi, sindhi, bihari, bhili, konkani, bhodjpuri, nepali og av og til panjabi, kasjmiri og romani.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search