Devon

For den geologiske perioden, sjå devontida.
Devon
grevskap
Motto: Auxilio divino (latinsk «Med gudommeleg støtte»)
Land  England
Region Sørvest-England
Areal 6 707 km²
Folketal 1 141 600  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Devon
50°42′N 3°48′W / 50.7°N 3.8°W / 50.7; -3.8
Wikimedia Commons: Devon

Devon er eit stort grevskap i England. Grevskapet vert stundom uoffisielt kalla Devonshire, som regel i historisk samanheng. Grevskapet grensar til Cornwall i vest og Dorset og Somerset i aust. Kystlinja følgjer Den engelske kanalen i sør og Bristolkanalen i nord.

Devon er det tredje største grevskapet i England ut frå areal og har om lag 1,1 millionar innbyggjarar. Administrasjonssbyen er Exeter og grevskapet inneheld to sjølvstendige einskaplege styresmakter: hamnebyen Plymouth og Torbay, i tillegg til Devon grevskapsråd. Plymouth er den største byen i Devon. Det meste av grevskapet er landleg med låg folketettleik til å vere Storbritannia. Her ligg Dartmoor på 954 km², det største opne området i Sør-England.[1]

Den einaste naturlege verdsarvstaden til UNESCO i England ligg i Devon. Dette er kyststripa langs Dorset og Aust-Devon, kjend som Jurassic Coast på grunn av dei geologiske og geografiske kjennemerka. I lag med Cornwall vert Devon rekna som ein del av «Det korniske massivet». Dei geologiske tilhøva her har gjeve landskap som Dartmoor og Exmoor, som begge er nasjonalparkar. Devon har mange feriestader ved kysten og historiske byar, samt eit mildt klima, som trekkjer til seg mange turistar.

  1. [http://www.naturalengland.org.uk/ourwork/conservation/designatedareas/nationalparks/dartmoor.aspx Natural England: Dartmoor}

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search