Doha | |||
الدوح, ad-Dawḥa | |||
by og kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Municipality | Ad Dawhah | ||
Koordinatar | 25°17′12″N 51°32′0″E / 25.28667°N 51.53333°E | ||
Areal | 132 km² | ||
Folketal | 900 545 (2014) | ||
Folketettleik | 6 822 / km² | ||
Grunnlagd | 1825 | ||
![]() Doha 25°17′10″N 51°31′46″E / 25.286205555556°N 51.529436111111°E | |||
Wikimedia Commons: Doha |
Doha (arabisk الدوحة, ad-Dawḥa eller ad-Dōḥa) er hovudstad og den mest folkerike byen i Qatar. Doha har kring 900 000 innbyggjarar i sjølve byen.[1] Byen ligg på kysten av Persiabukta, aust i landet og er den raskast veksande byen i Qatar. Over 60 % av innbyggjarane i landet bur i Doha eller forstadane kring byen, og er det økonomiske senteret i landet. Han utgjer ein av kommunane i Qatar.
Doha vart grunnlagd i 1820-åra som ein avstikkar av Al Bidda. Han vart offisielt erklært hovudstaden i landet i 1971, då Qatar fekk sjølvstendet sitt.[2] Som den kommersielle hovudstaden i Qatar og ein av dei store finanssentera i Midtausten, vert Doha rekna som ein verdsby av Globalization and World Cities Research Network. Education City, eit område tileigna forsking og utdanning, ligg i Doha.
Byen har vore vertsby for mange idrettsarrangement, som Asialeikane i 2006, Dei panarabiske leikane i 2011 og dei fleste kampane i Asiacupen i 2011. I desember 2011 heldt World Petroleum Council det 20. konferansen sin i Doha.[3] I tillegg skal byen ha fleire kampar under fotball-VM i 2022.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet autogenerated2
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search