Eocen

Mesonyx, eit ulveaktig pattedyr frå eocentida

Eocen eller eosen er den andre geologiske epoken i paleogen i kenozoikum og varte frå 55,8 ± 0,2 til 33,9 ± 0,1 millionar år sidan. Eocen kjem etter paleocen og før oligocen. Starten på epoken er markert med at dei fyrste moderne pattedyra dukkar opp. Slutten er ved ei større utdøying kalla Grande Corpure, som kan ha samanheng med nedslaget av ein eller fleire meteorittar i Sibir og det som no er Chesapeake Bay i USA. Som vanleg er dei strata som definerer start og slutt lett å identifisere, men dateringa er usikker.

Namnet kjem frå det greske eos (morgongry) og ceno (ny), og refererer til at dei «nye» pattedyra kjem til syne i denne tida.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search