Feltmarskalk

Feltmarskalk er i nokre land den høgaste militære grada, over general. I Tyskland og nokre andre land er den tilsvarande grada kalla generalfeltmarskalk.

Grada feltmarskalk blir berre brukt av landstyrkar, (men generalfeltmarskalk blei også brukt av det tyske flyvåpenet). Motstykket i nokre flyvåpen er flyvåpenmarskalk, medan i marinar tilsvarar grada flåteadmiral, storadmiral eller liknande. Som den høgaste grada, har ein feltmarskalk berre ansvarleg overfor styresmaktene i landet, har utnemningar til feltmarskalk ofte vore gjort av politiske like mykje som militære grunnar, og ikkje sjeldan som ein måte å heidre ein dyktig general.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search