Fiolinkonsert (forkorting for konsert for fiolin og orkester) er ein solokonsert med fiolin som soloinstrumentet.
Sjangeren utvikla seg frå concerto grosso på byrjinga av 1700-talet og fekk eit heilt eige preg i wienerklassisismen.
Ein klassisk fiolinkonsert består tradisjonelt av tre satsar, hurtig-langsam-hurtig, der den første satsen plar å vere på sonatesatsform med to eksposisjonar - ein for solisten og ein for orkesteret og den siste er ein rondo. Ein klassisk konsert inneheld gjerne ein improvisert kadens for solisten sin bravuroppvisning. Seinare vart det vanleg å bruke utskrivne kadensar. Ein konsert frå seinare periodar kan òg ha friare form.
Fleire kjende komponistar skreiv verk i sjangeren, til dømes skreiv Antonio Vivaldi ei mengd fiolinkonsertar, med «Dei fire årstidene» som det mest kjente dømet. Mozart skreiv fem konserter, Beethoven, Brahms, Mendelssohn og Jean Sibelius skreiv ein kvar.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search