Folkrock

Folkrock er ein musikksjanger som oppstod på slutten av 1960-åra i møtet mellom folkemusikk, nyare visesong og rock. Sjangeren dukka opp i USA og Canada på midten av 1960-talet og var kjenneteikna ved tette vokalharmoniar og ein relativt «rein» instrumentering, det vil seie med få effektar og forvrenging. Repertoaret var ofte basert på songar frå folkemusikk, men òg frå folkemusikkinspirerte visesongarar som Bob Dylan. I USA vert Bob Dylan, Simon & Garfunkel og The Byrds rekna som føregangarar til sjangeren. Eit seinare døme er Natalie Merchant. Roger McGuinn frå The Byrds har sagt at Beatles inspirerte han til å blande visesong med rockemusikk.

Den amerikanske folkrocken førte raskt til den forskjellige elektriske folkemusikken (òg kjend som britisk folkrock) seint i 1960-åra med grupper som Pentangle og Fairport Convention. Med utgangspunkt i nordamerikansk folkrock innførte Pentangle, Fairport og andre liknande band i Storbritannia element frå tradisjonell britisk folkemusikk. Samstundes byrja Alan Stivell i Bretagne å blande bretonske røter med irske og skotske røter og rockemusikk. Like etter starta bassisten i Fairport Convention, Ashley Hutchings bandet Steeleye Span i lag med tradisjonelle britiske folkemusikarar.

Dette førte vidare til fleire andre variantar som den sjølvbevisste engelske folkrocken til Albion Band og noko av soloarbeidet til Ronnie Lane eller sjangeren keltisk rock som blanda inn tradisjonell musikk frå Irland, Skottland, Cornwall og Bretagne. Gjennom den første halvdelen av 1970-åra heldt keltisk rock seg nær folkemusikkrøtene sine og repertoaret bestod stort sett av tradisjonelle keltiske songar med fele, harpe og tradisjonelle vokalharmoniar. Musikken vart derimot framført med same lydnivå og perkusjon som rockeband nytta.

Meir generelt vert folkrock nytta om musikksjangarar inspirert av folkemusikk blanda med rock. Som med alle musikksjangrar er det vanskeleg å definere grensene. Folkrock kan nytte instrumentering som tradisjonelt vert nytta i folkemusikk eller instrumentering til rock, spelestilen og vokalstilen kan variere og valet av songar. Sjølv om den opphavlege sjangeren baserte seg på musikk frå Europa og Nord-Amerika er det ingen klåre avgrensingar på kva folkekulturar som musikken er påverka av. Likevel vert vanlegvis ikkje uttrykket nytta om rockerøter frå bluesbasert eller anna afrikansk-amerikansk musikk, og heller ikkje om rock med røter frå cajun eller musikk (særleg etter om lag 1980) med ikkje-europeisk folkerøter, som heller vert klassifisert som verdsmusikk.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search