Forlag

Eit forlag er ei verksemd som publiserer bøker, blad og andre publikasjonar. Eit forlag får teksten eller manuskriptet frå ein forfattar og sørgjer for å få det publisert eller offentleggjort, det vil seie trykt og distribuert til forhandlarar som sel det vidare til dei enkelte lesarane. Forlaga dekkjer alle utgifter i samband med produksjon, for eksempel til illustratør, trykkjeri og bokbindar, og kostnader til reklame og anna. Forlaga kan ha ein redaksjon som sjølv står for eller organiserer arbeidet med innhaldet i bøkene eller blada, for eksempel i vekeblad, leksika og skulebøker.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search