Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (forkorta FAD) var eit norsk departement som vart formelt oppretta 1. januar 2006.

Departementet fekk ved opprettinga ansvaret for saksfeltet til det tidlegare Moderniseringsdepartementet, i tillegg til nordisk samarbeid. Departementet sitt hovudfokus er modernisering av offentleg sektor, konkurranse i næringslivet, kyrkje, minoritetar og IT. Departementet har eit samla ansvar for konkurransepolitikken, koordinering av Informasjonsteknologipolitikken for heile samfunnet, kyrkja, kongehuset, nasjonale minoritetar, leiarutvikling, organisasjonsutvikling og omstilling i statsforvaltinga, servicefunksjonar for departementsfellesskapet og statleg sektor generelt. Departementet har arbeidsgjevaransvar for statstilsette.

1. januar 2014 blei departementet lagt ned og dei fleste ansvarsområda overført til det nyfusjonerte Kommunal- og moderniseringsdepartementet.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search