Friluftsliv

Folk på toppen av fjellet Rysy i Polen.

Friluftsliv viser til ulike former for aktivitet og opphald utandørs i naturen, som turgåing, sykling, skigåing, bærplukking, jakt og fiske. Ein kan opphalda seg i friluft i ein kortare periode eller med overnatting, gjerne under open himmel, i telt eller i hytter.

Friluftsliv kan vera knytt til ulike område, som skog, fjell, vidder, vassdrag eller kysten. I mange land er visse naturområde verna slik at dei mellom anna kan brukast til friluftsliv, til dømes som nasjonalparkar.

Ein driv som regel med friluftsliv på fritida. Aktiviteten skil seg frå organisert idrett ved at det ikkje er knytt faste reglar til han, og at det blir lagt vekt på opplevinga heller enn resultatet.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search