Ganesja

Ganesja i tradisjonell signingspositur.

Ganesja er ein mindre mektig, men mykje elska gud innan hinduismen. Han er lett å kjenna på elefanthovudet sitt, og blir gjerne framstilt som tjukk og godsleg, ridande på ei mus eller dansande. Ganesja er særleg gud for byrjingar og visdom. Ein finn gjerne statuar av han ved inngangen til sjivatempel, og mange skuleelevar ber til han før viktige prøvar. Det finst ei rekke soger om guden, mellom anna blir det sagt at det var han som skreiv ned storverket Mahabharata.

Ganesja ridande på musa si, pynta med blomar.

Guden har mange namn. Dei viktigaste er sanskritnamna Ganesja, Ganapati og Vinájaka, som alle tyder 'hærleiar', Gadsjamukha, 'elefantfjes', og det tamilske Pillaijar blant tamilar, som tyder 'vyrde son'.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search