Gaza by

Gaza
غزة, Ghazzah, Gaza by
kommune
Gaza i 2007
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Gaza guvernement
Del av Palestina
Koordinatar 31°31′N 34°27′E / 31.517°N 34.450°E / 31.517; 34.450
Areal 45 km² [1]
Folketal 515 556  (2012)[2]
Folketettleik 11 457 / km²
Grunnlagd 1400-talet fvt.
 •  Bystatus 1994
Borgarmeister Nizar Hijazi
Kart
Gaza by
31°31′00″N 34°27′00″E / 31.516666666667°N 34.45°E / 31.516666666667; 34.45
Wikimedia Commons: Gaza City
Nettstad: www.gaza-city.org

Gaza (arabisk غزة, Ġazzah, hebraisk עזה, Azzah; gammalgresk Γάζα), òg kalla Gaza by, er ein palestinsk by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt.[3] Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.

Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredeleg stad og hamna blømde. I år 635 vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rettslære. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I dei påfølgjande hundreåra har Gaza slite med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar, og byen vart redusert til ein landsby på 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Den første halvdelen av det osmanske styret, kontrollerte Ridwan-dynastiet Gaza og under dei voks byen seg stor med mykje handel og fred. Kommunen Gaza vart grunnlagd i 1893.

Gaza fall til britiske styrkar under fyrste verdskrigen, og vart ein del av Palestinamandatet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, administrerte Egypt den nydanna Gazastripa og gjorde fleire utbetringar i byen. Gaza vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, men i 1993 vart byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta. I månadane etter valet i 2006, braut det ut ein væpna konflikt mellom dei palestinske, politiske fraksjonane Fatah og Hamas, noko som førte til at Hamas tok over makta i Gaza. Egypt og Israel innførte så ein blokade av Gazastripa.[4] Israel letta på blokaden i juni 2010 og Egypt opna på ny opp grenseovergangen ved Rafah i 2011 for fotgjengarar.[4][5]

Hovudnæringa i Gaza er småindustriar og jordbruk. Blokaden og dei stadige konfliktane har gjort dei økonomiske tilhøva særs vanskelege. Dei fleste innbyggjarane i Gaza er muslimar, men det finst òg ein kristen minoritet. Gaza har ein særs ung folkesetnad og kring 75 % av innbyggjarane er under 25 år gamle.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet GazaMunicipality
  2. «Stader in Gaza guvernement by Type of Locality and Population Estimates, 2007-2016». Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). Henta 5. september 2015. 
  3. «Gaza (Gazastripa)». International Dictionary of Historic Places 4. Fitzroy Dearborn Publishers. 1996. s. 287–290. 
  4. 4,0 4,1 Gaza Benefiting From Israel Easing Economic Blockade
  5. Gaza Border Opening Brings Little Relief

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search