Generalfeltmarskalk

Marskalk­stav for general­felt­marskalk von Richthofen

Generalfeltmarskalk (tysk Generalfeldmarschall, forkorta GFM) var den høgaste militære grada i den tyske, preussiske, sachsiske og austerriksk-ungarske hæren. Den blei berre tildelt aktive offiserar i krig. I motsetnad til andre offiserar, var generalfeltmarskalkar politisk utnemnde. Grada hadde fleire privilegium, mellom anna permanent eskorte. I 1870 blei prins Friedrich Karl og kronprins Friedrich Wilhelm dei første preussiske prinsane som blei utnemnde til generalfeltmarskalkar. I 1854 hadde grada Generaloberst blitt innført for å bli tildelt prins Wilhelm i fredstid; dette var ei grad med dei same privilegia, men formelt lågare rangert.

Den tilsvarande grada i marinen var storadmiral. Desse gradene er ikkje blitt brukt sidan den andre verdskrigen, og dei høgaste gradene i den tyske hæren og marinen i dag er general og admiral.

Grada som generalfeltmarskalk eksisterte i kurfyrstedømet og kongeriket Sachsen uavhengig av Preussen til dette blei ein del av det republikanske Tyskland i 1918.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search