Gibraltarsundet

Gibraltarsundet
sund
Gibraltarsundet sett frå verdsrommet.
(Nord er til venstre: Den iberiske halvøya er til venstre og Nord-Afrika til høgre.
Land  Marokko,  Spania  Gibraltar
Del av Middelhavet
Kart
Gibraltarsundet
35°58′26″N 5°30′58″W / 35.973888888889°N 5.5161111111111°W / 35.973888888889; -5.5161111111111
Wikimedia Commons: Strait of Gibraltar

Gibraltarsundet (arabisk مضيق جبل طارق, spansk Estrecho de Gibraltar) er eit smalt sund mellom Atlanterhavet og Middelhavet som skil Spania frå Marokko. Namnet kjem frå Gibraltar, som igjen har fått namn frå det arabiske Jebel Tariq (som tyder «Tariqs fjell»[1]). Det arabiske namnet på sundet er derimot Bab el-Zakat eller «Velgjerdsporten». I marinen vert det stundom kalla STROG (Strait Of Gibraltar)[2] og i antikken var det kjend som «Herkulessøylene».[3]

På det smalaste er det berre 14,24 km (7,7 nautiske mil) mellom Europa og Afrika. Djupna i sundet varierer mellom 300 og 900 meter.[4] Ferjene kryssar sundet i dag på så lite som 35 minutt. Den spanske sida av sundet er verna som ein del av El Estrecho naturpark.

Historisk kart over Gibraltarsundet av Piri Reis
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. januar 2008, henta 27. september 2009 
  2. Sjå til dømes Nato Medals: Medal for Active Endeavor, awarded for activity in the international water of the Mediterranean og STROG.
  3. Strabius Geographia 3.5.5.
  4. Sjå Robinson, Allan Richard og Paola Malanotte-Rizzoli, Ocean Processes in Climate Dynamics: Global and Mediterranean Examples. Springer, 1994, s. 307, ISBN 0-7923-2624-5.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search