Guernsey

49°27′N 2°33′W / 49.450°N 2.550°W / 49.450; -2.550

Bailiwick of Guernsey
Bailliage de Guernesey  
Flagg
Flagg
Riksvåpen
Riksvåpen
Flagg Riksvåpen
Guernsey på verdskartet
Guernsey på verdskartet
Status Britisk kroneigedom
Førsteminister (chief minister) Lyndon Trott
Hovudstad St Peter Port
Offisielt språk Engelsk, fransk, dgèrnésiais
Areal

- % vatn

78 km²

 

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 65 573 (2007)
ca. 836/km²

Verdsdel Europa
Internet-domene .gg
Tidssone UTC 0
Internasjonal telefonkode +44-1481
Nasjonalsong God Save The King og Sarnia Cherie

Guernsey (fransk Bailliage de Guernesey) er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Saman med øyane Alderney, Sark, Herm og fleire småøyer utgjer ho den britiske kroneigedomen Bailiwick of Guernsey.[1] Saman med Jersey utgjer desse øyane øygruppa Kanaløyane.

Kroneigedomen utgjer i tillegg til sjølve øya Guernsey òg Alderney, Herm, Jethou, Brecqhou, Burhou, Lihou, Sark og andre småøyar. Sjølv om Storbritannia har ansvaret for å forsvare øyane, er ikkje Bailiwick of Guernsey ein del av Storbritannia, men heller ein eigedom under krona, på same måte som Isle of Man. Guernsey er heller ikkje ein del av Den europeiske unionen. Øya Guernsey er delt inn i 10 sokn.

Namnet, Guernsey, kjem frå normannisk green(s)ey som tyder 'Den grønne øya'.[2]

  1. «Guernsey» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 15. februar 2024. 
  2. «Guernsey» i Store norske leksikon, snl.no.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search