Hellas i antikken

Akropolis i Aten sett frå Zevs-tempelet i søraust. Mange polis-byar hadde sin Akropolis
Eit kart over greske busetnader (raud farge) kring 300-talet fvt. Fønikske busetnader viser i gult.

Antikkens Hellas eller den greske antikken[1] er den perioden i gresk historie som femner mykje av Middelhavs- og Svartehavsbassenga og som varte i om lag tusen år, frå om lag år 1000 fvt.[2] til kristendomen kom. Perioden blir av dei fleste historikarane sedd som grunnleggjarkulturen i den vestlege sivilisasjonen. Gresk kultur var ein stor innverknad på Romarriket, som bar ein versjon av han til mange delar av Europa.

Sivilisasjonen til dei gamle grekarane har hatt stor innverknad på språket, politikken, utdanningssystema, filosofien, vitskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verda, kveikte renessansen i Vest-Europa og kom opp att under ymse ny-klassiske periodar på 1700- og 1800-talet i Europa og Amerika.

«Den greske antikken» er termen bruka for å skildre den gresk-språklege verda i antikken. Termen refererer ikkje berre til den geografiske halvøya som er det moderne Hellas, men òg til område med hellensk kultur som vart folkesette i antikken av grekarar: Kypros og Egeear-øyane, kysten av Egearhavet kalla Anatolia (da kjend som Ionia), Sicilia og Sør-Italia (kjende som Stor-Hellas), og dei spreidde greske busettingane på kysten av Illyria, Thrakia, Egypt, Cyrenaica, Sør-Frankrike, aust og nordaust på den iberiske halvøya, Iberia og Taurica.

  1. «Den greske antikken». Store norske leksikon. Henta 28. juni 2019. 
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SnlAntikkenErikØstby

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search