Hest

Hest
Hesthann
Hesthann
Hesthoe
Hesthoe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Hovdyr Perissodactyla
Familie: Hestefamilien Equidae
Slekt: Equus
Art: E. ferus
Underart: Hest E. f. caballus
Vitskapleg namn
Equus ferus caballus
Travande hestar

Hest (òg øyk, gamp, eller diktarleg/høgtidleg: gangar) (Equus caballus) er eit hovdyr som vert bruka av menneske som trekkdyr, ridedyr og til mat.

Tidlegare hadde arbeidshesten ein viktig plass i landbruket, men traktorar har stort sett tatt over for nyttearbeidet, og hesten vert i dag mest brukt i tevlingar eller til fritidsaktivitetar. Hesteeigarar som tener pengar på hestar driv enten med konkurransesport som trav eller galopp, eller dei handlar med hestar.

Dei aller fleste hestar lever i fangenskap, men på enkelte stader finst det frie hestar. Villhestane på Island går saman med tamhestar som hestebønder slepper ut på beite over vinteren. Mustangane i Nord-Amerika er freda. Det finst tre heilnorske hesterasar; fjordingen, lyngshesten og dølahesten.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search