Hudson's Bay Company

Hudson's Bay Company


La Compagnie de la Baie d' Hudson i Montréal i Canada. Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
BransjeDetaljhandel, handel
Skipa2. mai 1670
HovudkontorToronto
LandCanada
Grunnleggjar(ar)Pierre-Esprit Radisson
Nettstadhttps://www.hbc.com (engelsk)

Hudson's Bay Company (HBC) er det eldste aksjeselskapet i Canada (og Nord-Amerika). Det vart oppretta 2. mai 1670, og er dermed òg eit av dei eldste i verda som framleis er aktivt.

Frå det mangeårige hovudkvarteret i York Factory ved Hudsonbukta kontrollerte selskapet i fleire hundre år pelshandelen i store delar av britisk-kontrollerte Nord-Amerika. Det fungerte som ei «de facto-regjering i mange område på kontinentet, før dei første busetjingane i større stil vart etablert.

Selskapet sine oppkjøparar og pelsjegerar kom tidleg i kontakt med mange grupper av indianarar, og nettverka til selskapet av handelsstasjonar utgjorde grunnstamma for dei seinare offisielle styresmaktene i store delar av det vestlege Canada og USA (før USA vart eit land og etterpå). På slutten av 1800-talet vart det enorme territoriet selskapet kontrollerte brorparten av det nydanna Dominion of Canada, der selskapet var den største private landeigaren. Med nedgangen av pelshandelen utvikla selskapet seg til ei merkantil verksemd, som selde livsviktige varer til busetjarane i det vestlege Canada. I dag er selskapet best kjent for varehuskjeda si i Canada.

Hovudkontoret vart i 1970 flytta frå London til Winnipeg, og sidan til Toronto. Omsetnaden er kring 5 milliardar amerikanske dollar med kring 70 000 tilsette (2004).


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search