Huset Stuart

Monument til dei siste stuartane i Peterskyrkja utført av Antonio Canova (1757–1822).

Huset Stuart eller Stewart var eit skotsk, og seinare britisk, fyrstehus av normannisk opphav. Namnet stammar frå den gamle skotske tittelen High Steward. Maria Stuart tok i bruk den franske skrivemåten Stuart då ho budde i Frankrike.

Huset Stuart herska i Skottland i 336 år, frå 1371 til 1707. Etter at Elisabeth I av England, den siste monarken frå huset Tudor, døydde, kom huset Stuart på trona òg i England og Irland, og styrde dei tre kongerika i personalunion mellom 1603 og 1707. I denne perioden kalla herskarane av huset Stuart seg for kongar og dronningar av Storbritannia, sjølv om ein stat med dette namnet endå ikkje eksisterte. Dronning Anne var den første monarken som herska over eit sameint Storbritannia, frå 1707 til ho døydde i 1714. Etter ho døydde vart huset Stuart etterfølgd av huset Hannover på trona.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search