Informasjonsteknologi

Informasjonsteknologi (IT), tidlegare òg elektronisk databehandling (EDB)[1] eller berre databehandling, er bruk av datamaskinar for å lagre, hente, overføre og manipulere data[2] eller informasjon. IT blir vanlegvis brukt i samanheng med forretningsdrift i motsetning til personleg teknologi eller underhaldningsteknologi.[3] IT blir nokre gonger sett på som ei undergruppe av eller synonym til det meir utførlege uttrykket informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

Eit informasjonsteknologisystem (IT-system) er generelt eit informasjonssystem, eit kommunikasjonssystem eller nærare bestemt eit datamaskinsystem - sett saman av maskinvare, programvare og perifert utstyr - som i verksemder blir utnytta av ei avgrensa gruppe brukarar.

Omgrepet blir ofte brukt for teknologi avgrensa til datamaskinar og datanettverk, men det omfattar òg annan informasjonsdistribusjonsteknologi som mogleggjer tenester som digital kringkasting og digital telefoni. Fleire produkt eller tenester i ein økonomi er tilknytta informasjonsteknologi, inkludert datamaskinvare, programvare, elektronikk, internett, telekomutstyr og netthandel.[4]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet snl1
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet DOP
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet foldoc
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet DMC

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search