Irak

Al-Jumhuriyah Al-Iraqiyah

(norsk: Irak, irakisk)

Det irakiske flagget Det irakiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mawtini»
Motto Allahu Akbar (Gud er stor)
Geografisk plassering av Irak
Offisielle språk Arabisk, kurdisk
Hovudstad Bagdad
Styresett
Republikk
Fuad Masum
Haider al-Abadi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
438 317 km² (58.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
39 192 111 (36.)
89,4 /km² (95.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
3. oktober 1932
Nasjonaldag 3. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
531 400 mill. USD (36.)
15 800 USD (81.)
Valuta Irakisk dinar
Tidssone UTC +3
Telefonkode +964
Toppnivådomene .iq


Irak (arabisk العراق, al-‘Irāq; kurdisk عێراق, Eraq), offisielt Republikken Irak (arabisk جمهورية العـراق, Jumhūrīyyat al-‘Irāq; kurdisk كۆماريى عێراق, Komari Eraq) er eit land i Vest-Asia. Det grensa til Tyrkia i nord, Iran i aust, Kuwait i søraust, Saudi-Arabia i sør, Jordan i sørvest og Syria i vest. Hovudstaden og den største byen er Bagdad. Dei største folkegruppene er arabarar og kurdarar, og andre grupper er assyrarar, turkmenarar, shabakar, jesidiar, armenarar, mandearar, tsjerkessarar og Kawliya.[1] Kring 95 % av landet, 36 millionar innbyggjarar, er muslimar, men kristendom, yarsanisme, jesidisme og mandeisme finst òg. Det offisielle språket i Irak er arabisk og kurdisk.

Irak har ei 58 km lang kystlinje heilt nord i Persiabukta og omfattar den mesopotamiske elvesletta, nordvestenden av Zagrosfjella og den austlege delen av Den syriske ørkenen.[2] To store elvar, Tigris og Eufrat renn sørover gjennom Irak og ut i Shatt al-Arab nær Persiabukta. Desse elvane dannar viktig jordbruksland i Irak.

Regionen mellom Tigris og Eufrat, historisk kjend som Mesopotamia, vert ofte omtalt som vogga til sivilisasjonen. Det var her mennesket først byrja å lese, skrive, skape lover og bu i byar under eit organisert styre - særleg Uruk som namnet «Irak» kjem frå. Fleire siviliasjonar har følgd kvarandre i dette området sidan 5000-talet fvt. Irak var senteret i Dei akkadiske, sumeriske, assyriske og babylonske rika. Det var òg ein del av dei medeiske, akamenidiske, hellenistisk, partiske, sasanidiske, romerske, Rashidun, omajadiske, abbasidiske, ajjubidiske, mongolske, safavidiske, afsharidiske og osmanske rika.[3]

Dei moderne grensene til Irak vart stort sett trekte i 1920 av Folkeforbundet då Det osmanske riket vart delt etter Sèvres-traktaten. Irak vart sett under styret til Storbritannia som Det britiske mandatet for Mesopotamia. Eit monarki vart grunnlagd i 1921 og Kongedømet Irak fekk sjølvstende frå Storbritannia i 1932. I 1958 vart monarkiet styrta og den irakiske republikken vart skapt. Irak vart kontrollert av det arabiske, sosialistiske Ba'ath-partiet frå 1968 til 2003. Etter USA og deira allierte invaderte landet i 2003, vart Ba'ath-partiet til Saddam Hussein fjerna frå makta og eit parlamentarisk val for fleire parti vart halde i 2005. Amerikanarane trekte seg ut av Irak i 2011,[4] men det irakiske opprøret heldt fram og intensiverte seg då kampane under den syriske borgarkrigen spreidde seg inn i landet. Ut av opprøret kom ein av dei mest destruktive gruppene gjennom tidene, ISIL, som tok over store delar av nord og vest. Gruppa har sidan stort sett blitt fjerna og har berre att små område. Striden om suvereniteten over Irakisk Kurdistan har halde fram.

Irak har vore medlemsland i Dei sameinte nasjonane frå starten av, i tillegg til Den arabiske ligaen, Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC), Organisasjonen av alliansefrie nasjonar og Det internasjonale pengefondet (IMF). Landet er ein føderal parlamentarisk republikk som består av 19 guvernement (provinsar) og ein sjølvstyrt region (Irakisk Kurdistan). Statsreligionen er islam. Kulturelt har Irak ei særs rik arv og hyllar bragdene som vart gjort i førislamsk tid og er kjend for diktarane sine. Målarane og biletkunstnarane er blant dei beste i Den arabiske verda.

  1. Paragraf 125 i den irakiske grunnlova.http://www.refworld.org/pdfid/454f50804.pdf
  2. «Declaration of Principles for a Long-Term Relationship of Cooperation and Friendship Between the Republic of Iraq and the United States of America». 26. november 2007. 
  3. «Top 10 Battles for the Control of Iraq». Livescience.com. Henta 7. september 2017. 
  4. Basu, Moni (18. desember 2011). «Deadly Iraq war ends with exit of last U.S. troops». CNN.com. Henta 7. september 2017. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search