Isotop

Isotopar av eit grunnstoff er atomkjernar som har likt atomnummer (Z) men ulik atomvekt. Dei er altså det same grunnstoffet, men har ulik masse og derfor noko ulike eigenskapar. Ordet isotop tyder «same stad», ettersom isotopane av eit grunnstoff står på same i det periodiske systemet.

Ein atomkjerne har eit visst tal med proton som avgjer kva grunnstoff det er og kva atomnummer det har. Ulike isotopar har like mange proton, men ulikt tal med nøytron. I vitskapleg nomenklatur skriv ein isotopar med namnet på grunnstoffet med talet på nukleon (proton og nøytron) i atomkjernen som eit tal etterpå, t.d. Jern-57, Uran-238 eller Helium-3. Med symbol skriv ein talet på nukleon med eit heva tal framfor grunnstoffsymbolet, t.d. 57Fe, 238U, 3He).


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search