Jacqui McShee | |
![]() | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 25. desember 1943 (81 år) Catford |
Yrke | songar |
Språk | engelsk |
Nettstad | https://www.jacquimcshee.co.uk/ |
Jacqui McShee på Commons |
Jacqueline «Jacqui» McShee (fødd 25. desember 1943) er ein engelsk songar. Sidan 1966 har ho vore medlem av Pentangle, eit jazzpåverka folkrockband.
McShee sin musikalske karriere starta som visesongar i britiske viseklubbar i midten av 1960-åra.[1] Etter å ha arbeidd med John Renbourn var ho med på å danne Pentangle.[1]
Pentangle utvikla seg raskt til eit av dei første britiske folkrockbanda. I tillegg til å trekkje til seg fans frå tradisjonell britisk folkmusikk, hadde dei og eit publikum innan rock, pop og psykedelisk folk.[2] Det originale bandet spelte i blanding av balladar, blues og jazz, ofte i same musikkstykke.
I 1994 danna McShee eit nytt band kalla Jacqui McShee's Pentangle som framleis spelar i dag.[1]
I 1995 spelte McShee som studiomusikar, i lag med ektemannen, trommeslagar Gerry Conway, på albumet Active in The Parish av visesongaren David Hughes. Det vart av magasinet Q kåra til Årets album.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search