Jerusalem

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jerusalem (fleirtyding).
Jerusalem
hebraisk יְרוּשָׁלַיִם (Yerushalayim)
arabisk القُدس (al-Quds)
arameisk: יְרוּשְׁלֶם (Yərushəlem)
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: Ir ha-Kodesh (Den heilage byen), Bayt al-Maqdis (Det heilage huset)
Land  Israel,  Palestina
Kravd av Israel
Palestina (Aust)
Administrert av Israel
Israelsk distrikt Jerusalem
Del av Stor-Jerusalem
Palestinsk guvernement Jerusalem
Høgd 754 moh.
Koordinatar 31°47′N 35°13′E / 31.783°N 35.217°E / 31.783; 35.217
Areal 125,156 km²
 •  storbyområde 652 km²
Folketal 890 428  (2013)
 - storby 1 029 300
Folketettleik 6 400 / km²
Tidssone   (UTC+2)
 - Sommartid   (UTC+3)
Retningsnummer Internasjonalt: +972-2
Lokalt: 02
Kart
Jerusalem
31°46′44″N 35°13′32″E / 31.778888888889°N 35.225555555556°E / 31.778888888889; 35.225555555556
Wikimedia Commons: Jerusalem
Nettstad: jerusalem.muni.il[iv]

Jerusalem er ein by i Midtausten i det historiske landskapet Israel/Judea/Palestina. Byen ligg på vasskiljet mellom Middelhavet og Dødehavet, på eit høgdedrag frå 650 til 840 meter. Jerusalem ligg aust for Tel Aviv, sør for Ramallah, vest for Jeriko og nord for Betlehem. Jerusalem har opp gjennom åra vore ein omstridd by. Byen har ei fortid som hovudstad i det sjølvstendige Israel under David si ætt, Israel/Judea, seinare hovudstad for Hasmonearane sitt rike og for Herodes sitt kongerike, noko som gjer byen viktig for jødane og for dei kristne. Byen er òg religiøst viktig for muslimane då det var her profeten Muhammed skal ha utført si himmelreise frå.

Jerusalem har sidan 1950 vore de facto hovudstad i staten Israel. Fram til 1967 var berre Vest-Jerusalem ein del av Israel. Sidan Seksdagarskrigen i 1967 har Israel òg styrt over Aust-Jerusalem. Israel gjer krav på heile byen som sin hovudstad, men det er ikkje internasjonalt anerkjent. Nesten alle ambassadar ligg difor i Tel Aviv. Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad for dei palestinske sjølvstyresmaktene i ein framtidig palestinsk stat. Etter SN sin delingsplan frå 1947 skal Jerusalem vera ein internasjonal by under SN-styre. Israel vedtok ei lov der det vart slege fast at Jerusalem var Israel sin «evige og udelelege hovudstad».

I Jerusalem ligg mellom anna den jødiske heilagdommen Vestmuren, òg kjend som «Klagemuren» blant ikkje-jødar, Gravkyrkja, som etter tradisjonen er bygd over Jesu grav, og den muslimske Klippedomen frå 700-talet.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search