Jostedalsbreen

Jostedalsbreen
isbre
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommunar Luster, Sogndal, Jølster, Stryn
Type Platåbre
Areal 487 km²
Lengd 60 km
Tjukn 600 m
Toppunkt 1952 moh
Botnpunkt 350 moh
Koordinatar 61°40′N 06°59′E / 61.667°N 6.983°E / 61.667; 6.983
Kart
Jostedalsbreen
61°42′38″N 6°55′27″E / 61.710555555556°N 6.9241666666667°E / 61.710555555556; 6.9241666666667
Wikimedia Commons: Jostedalsbreen

Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet og ligg i Vestland fylke. Isbreen dekkjer eit areal på 487 km² og ligg i kommunane Luster, Sogndal, Jølster og Stryn. Det høgaste fjellet nær breen er Lodalskåpa 2083 moh.

Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit areal på 1310 km².

Jostedalsbreen er ein temperert bre, som vil seie at det renn vatn under han og at breen ligg på trykksmeltepunktet. På grunn av dette eroderer han på underlaget og kan flytte på seg. Jostedalsbreen er den største fastlandsisen i Europa, med eit samla areal på over 480 km². Det høgaste punktet på breen er Høgste Breakulen på 1952 moh. Fleire brearmar går langt ned i dalane, m.a. Bøyabreen i Fjærland og Nigardsbreen, båe til om lag 300 moh. På det tjukkaste er breen om lag 600 meter tjukk. Jostedalsbreen strekkjer seg over eit stort platå i over 1600 moh. Jostedalsbreen har ei samanhengande lengd på vel 60 km og dekkjer nesten halvparten av nasjonalparken.

Jostedalsbreen, Lodalskåpa og Brenibba er dei høgaste nunataka på Jostedalsbreen.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search