Klor (frå gresk chloros, grøn) er eit grunnstoff med atomnummer 17 og kjemisk symbol Cl. Det er eit ikkje-metall som opptrer i gassform ved romtemperatur. Ein finn det i gruppe 17 i periodesystemet saman med dei andre halogena. Klor er reaktivt og kan ha mange oksidasjonstal i kjemiske sambindingar.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search