Kupp

Eit kupp er ei politisk omvelting som skjer svært brått.

Kupp skuldast vanlegvis at delar av makteliten (militære eller politikarar) gjer opprør: militærkupp, statskupp. Kuppmakarar er ofte ei lita gruppe og har ikkje nødvendigvis medhald frå folket, slik opprørarane i ein revolusjon har.

Eit mislukka kupp blir kalla eit kuppforsøk.

Eit ofte nytta fransk ord om militærkupp er coup d’État og eit mindre brukt tysk ord er putsch.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search