Mellomalderen

Scener frå ein jordbrukskalender i eit manuskript av Pietro Crescenzi frå rundt 1306.
Bondeopprør i mellomalderen.

Mellomalderen er nemninga på ein periode mellom førhistorisk tid og nyare tid som vert avgrensa ulikt ettersom kva for land eller område det er tale om, og i kva fag omgrepet vert nytta. I generell europeisk historie er mellomalderen vanlegvis rekna som tidsrommet frå antikken til renessansen, i nordisk samanheng frå kristninga på midten av 1000-talet fram til reformasjonen midt på 1500-talet, altså ein seinare og mykje stuttare tidsbolk.

I Noreg er det vanleg å definere mellomalderen til tida frå 1030, då slaget på Stiklestad skal ha gått føre seg og ha ført til den endelege kristninga av Noreg, og fram til reformasjonen i 1536, altså den tida då den romersk-katolske kyrkja var Noregs offisielle kyrkje — sjå nedanfor. Men om dette er ei nyttig og rett inndeling, vert stendig diskutert i fagkrinsar. I somme høve vert vikingtida, som er den siste parten av førkristen tid, rekna med til mellomalderen.

Omgrepet «mellomalderen» var lenge negativt ladd. Sjølve det å berre stå som ein fyllperiode er ikkje så gjævt; i tillegg kalla ein gjerne tida «den mørke mellomalderen» for å verkeleg visa kor uopplyste, overtruiske og barbariske folk var på denne tida. I nyare tid har historikarane òg trekt fram mange positive trekk ved tidsrommet, og ein kallar det sjeldan «mørkt» lenger.

Omgrepet Mellomalder skriv seg frå den italienske historieskrivinga i renessansen. Ordet vart først nytta av Flavio Biondo, for å markere ei tredeling av italiensk historie. Tanken om «mørk mellomalder» vart sett fram av diktaren Francesco Petrarca, og denne historieforståinga har hatt gjennomslag mest over heile Europa, sjølv om den klassiske tredelinga (antikken/mellomalderen/nytida) skriv seg frå italienske tilhøve.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search